17. mars 2009

Arbeid til alle

Arbeid til alle og trygge arbeidsplassar er ei sak som SV prioriterar høgt i neste valperiode. Skal vi møte framtidas utfordringar, er det behov for å ta all arbeidskrafta i bruk. Dersom ein innrettar produksjonen både i privat og offentleg sektor på folks behov i standen for kortsiktig jag etter profitt og innsparingar, vil i arbeidstakarane i tillegg finne tryggleik og framtidsoptimisme i arbeidslivet. SV ønskjer derfor eit arbeidsliv som også legg tydelege samfunnsøkonomiske perspektiv til grunn for avgjerslene.

Retten til arbeid og ei lønn å leve av er grunnleggjande tankar for eit sosialistisk parti som SV. Det er ein menneskerett å få mulegheit til å delta i den samfunnsmessige verdiskapinga gjennom arbeid som er tilpassa folks ulike arbeidsevne. Med dagens jag etter profitt og kortsiktige perspektiv, aukar brutaliseringa og fleire og fleire blir støtt ut av arbeidslivet. Store grupper er utsett for etnisk diskriminering og slepp ikkje inn på arbeidsmarknaden.

I Noreg har vi no også ein gylden mulegheit til å styrke og auke investeringane til tiltak som har ein framtidsretta miljøprofil. Det kan vere satsing på jernbane, sykkelvegar osv, framfor einsidig vegutbyggjing. Det kan satsast på alternative energikjelder framfor tradisjonelle fossile energikjelder. Det kan leggast til rette for miljøretta forskingsmidlar og samfunnsplanlegging som reduserar det langsiktige behovet for transport. Det kan satsas verkelig stort på kollektive transportløysingar. Slik vil SV skapa ei framtid der alle kan delta og der alle kan leve.

Det er gjennom arbeid dei verkelige verdiane blir skapt. Arbeidsløyse er sløsing med ressursar og årsak til økonomisk og sosial ulikskap, og SV vil difor gje arbeid til alle og trygge arbeidsplassar høgste prioritet i neste valperiode.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar